Den nye lova i Danmark kan lett tolkast som eit knefall for valdelege islamistar. Det er jo ikkje for fredelege muslimar ein gjer dette, det er fordi ein er redd for vald og terror. Og no gir ein dei rett, dei som driv med slikt. Det er dei verste folka som har grunn til å feira no. Det vert som å betala løysepengar til dei som tek gislar. https://www.nrk.no/urix/danmark-forbyr-koranbrenning-1.16669679
@forteller@pilum Eg veit om eit til, kjem eg på no. Eg trur det heiter City-passasjen eller noko slikt halv-offisielt. Den som går frå Pilestredet til Akersgata.
@forteller@erlen Hadde ikkje høyrt om det før, men det ser ut til å vera laga av eit selskap som fritt tener pengar på piratkopiering ved at den ulovlege delen av verksemda kjem som valfrie add-ons.
Det er ikkje enkelt å ordna fornuftig parkering i Oslo dersom ein skal leiga ein bil i t.d. ein månad. Anten er det bebuarparkering for eit heilt år, som er for dyrt, eller gjesteparkering per døger, som også er for dyrt. Her finst det nokre få bitte små kommunale parkeringsplassar innan rimeleg avstand, som kunne ha fungert i teorien, men korleis fungerer det i praksis? Eg reknar med ein kan risikera at det er fullt der sjølv om ein har betalt.
Av og til leiger me bil for ei veke, og så endar det opp med å vera like dyrt som å leiga for ein månad, men her ser eg jo at eg like godt kan kjøpa ein billig bil og berre skaffa bebuarparkering fyrst som sist.
@atlefren Upraktisk, men det er jo òg gratis å parkera i ytre by. Lurer på om det er å leiga ein garasjeplass i nærleiken som eigentleg er den beste løysinga, men det skulle helst ha vore eit betre system for det enn Finn.no.
Oppdaga nyleg at det finst spesielle kosttilskot og e-sportsdrikkar for gamerar, slik som det finst proteinpulver for gymfolk eller energigele og sportsdrikk for uthaldsutøvarar. Då er det vel idrett, då.
@eivind@funkel Me som er seriøse med skikkeleg sykkellåsing vil gjerne låsa fast bakhjulet gjennom ramma med bøylelås. Det er i alle fall tungvint her, sidan sykkelen må låsast fast hengande.
For ein vits av eit fotografi. Ikkje berre er det photoshoppa slik ein amatør ville gjort det for 15 år sidan (noko som tydelegvis er varemerket hans på ein ikkje-ironisk måte), men heile ideen og situasjonen er absurd på ein fullstendig umorosam og uinteressant måte.