Lat bergensarane få bybane _både_ over Bryggen og utanom, så vert alle nøgde.
Notices by Mads Rage (ofseleg@oslo.town), page 2
-
Embed this notice
Mads Rage (ofseleg@oslo.town)'s status on Friday, 22-Sep-2023 23:19:08 JST Mads Rage -
Embed this notice
Mads Rage (ofseleg@oslo.town)'s status on Monday, 11-Sep-2023 21:50:27 JST Mads Rage I tilfelle du framleis er usikker på kva du skal røysta, har eg spurt KI om å lista opp dei ti største partia med favorittmat og føretrekt transportmiddel.
-
Embed this notice
Mads Rage (ofseleg@oslo.town)'s status on Wednesday, 02-Aug-2023 20:23:49 JST Mads Rage Kjøkenmaskina mi fungerer framleis, men har no nådd det punktet at eg må stikka skaftet av ei heilt spesiell teskei frå IKEA inn i låsemekanismen for at motoren skal gå. Skeia sprett vanlegvis ut etter ei stund, så eg må stå og halda på ho for at maskina skal gå. Kva som eigentleg er øydelagt, har eg gløymt, men eg har eit vagt minne om at det var to ulike ting og at den eine er kostbar og den andre bortimot umogeleg å reparera. Så no berre lever eg med at maskina må "låsast opp" med ei teskei.
-
Embed this notice
Mads Rage (ofseleg@oslo.town)'s status on Monday, 31-Jul-2023 02:52:29 JST Mads Rage Erna Solberg som spelar biljard.
-
Embed this notice
Mads Rage (ofseleg@oslo.town)'s status on Monday, 17-Jul-2023 20:14:25 JST Mads Rage God morgon, eg er på #bergensbanen. @nilshenrik
-
Embed this notice
Mads Rage (ofseleg@oslo.town)'s status on Monday, 17-Jul-2023 20:14:24 JST Mads Rage @nilshenrik Typisk nok var toget meldt som kansellert då eg kom, og alt var kaos, men det viste seg berre å vera ein systemsvikt mellom Vy og Bane Nor. Toget går som vanleg, men over Roa, og det var nok til at heile systemet mista kontrollen.
-
Embed this notice
Mads Rage (ofseleg@oslo.town)'s status on Monday, 17-Jul-2023 20:14:23 JST Mads Rage Svært mange japanarar kjem til Noreg for å ta dette langsame toget. Dei er leie av det raske og effektive heimlandet. I ferien ynskjer dei seg noko tregt og uføreseieleg som vert styrt av mange ulike selskap med innbyrdes kommunikasjonsvanskar. @nilshenrik
-
Embed this notice
Mads Rage (ofseleg@oslo.town)'s status on Sunday, 18-Jun-2023 23:13:05 JST Mads Rage @nilshenrik Er Sørlandsbanen din andre heim?
-
Embed this notice
Mads Rage (ofseleg@oslo.town)'s status on Sunday, 18-Jun-2023 23:13:02 JST Mads Rage @nilshenrik Tenkjer med gru på ei framtid der transport vert erstatta av teleportering, og drifta av teleporteringsnettverket skal ut på anbod.
-
Embed this notice
Mads Rage (ofseleg@oslo.town)'s status on Tuesday, 13-Jun-2023 22:55:32 JST Mads Rage La ut nokre brukte herreskor på Finn, men basert på responsen lurer eg på om eg tilfeldigvis har snubla over ein hemmeleg kode for at det eigentleg er nakenbilete eg sel.
-
Embed this notice
Mads Rage (ofseleg@oslo.town)'s status on Monday, 13-Feb-2023 18:27:09 JST Mads Rage Kva slags nasjonalting har Noreg? Eg tenkjer ikkje på slikt som nasjonalpark eller nasjonalbank, men heller nasjonalsong og eventuelt uoffisielle, men veletablerte ting som nasjonalfugl.
-
Embed this notice
Mads Rage (ofseleg@oslo.town)'s status on Tuesday, 31-Jan-2023 20:05:22 JST Mads Rage Ta konseptet til NRK sin gaming-villa, men putt heller inn nokre pensjonistar som skal driva med handarbeid. Det hadde folk garantert sett på. Hekling, spikking og kaffislabberas 24/7.