Det fulle namnet til Uruguay er República Oriental del Uruguay eller altså Republikken aust for Uruguay, som er ei elv som utgjer grensa mot Argentina i, som seg forstår, vest. Det er med andre ord mogleg både å vere på Uruguay utan å vere i Uruguay, å vere i Uruguay utan å vere på Uruguay, og å vere både på og i og både i og i Uruguay! I dette essayet, som for øvrig er debuten min her i tidsskriftet Kart og Plan, v
To (2) gonger i 1997 forlysta Jærbladet-desken seg med denne optimistiske overskrifta! I begge tilfella handla det om at musikkutstyr stóle frå Planeten fritidsklubb på Kvernaland hadde kome til rette. I begge tilfella var det personar busette i #Sandnes 🙄 som stod bak tjuveriet.
Det er sikkert ein god idé å "styrke samarbeidskulturen" mellom selskapet Bane Nor, selskapet Norske Tog, selskapet Entur, selskapet Mantena, selskapa Vy og Go-Ahead og SJ Norge og dei 14307 andre selskapa som utgjer norsk jernbanesektor, men sjølv om ingen har spurt meg så har eg eit ENDÅ BETRE forslag. Kan nokon gjetta kva det er? https://www.nrk.no/norge/regjeringen-lover-mer-punktlige-tog-1.16706327
Eit essay om markante hotellnamn i dei større norske byane og kva dei fortel om lokal sjølvforståing og -gestalting. Ut frå geografisk-ideologisk orientering er det rimeleg openbert at Britannia burde ha vore i Bergen og Norge i Trondheim i staden for omvend, Grand fortel vel noko om korleis osloensarar ser på seg sjølv, om enn ikkje nødvendigvis om korleis andre oppfattar dei, medan Atlantic aka "Alliken" i Stavanger er eit på alle måtar 100 % klokkereint treff.
It is also November. The noons are more laconic and the sunsets sterner, and Gibraltar lights make the village foreign. November always seemed to me the Norway of the year.
Lars Saabye Christensen fyller 70 år i dag! Det går an å ha ulike meiningar om korleis både forfattarskapet og personen har utvikla seg, men dei aller fleste litterært orienterte nordmenn av min generasjon har Beatles som ei av sine formative leseopplevingar, anten dei no vil innrømma det eller ei.
@boolsen Eg er rimeleg sikker på at eg las Beatles den regnfulle sommaren 1993, som var rett før eg fylte 13. Eg må ha vore temmeleg ung, for eg hugsar eg var legit sjokka over historia med det danske pornobladet.
@periferien_ Ola/Ringo, ja. Der har eg forresten eit par spørsmål. Ola stammar i størstedelen av boka, men vert kurert når han omsider får pult (nei, eg meiner ikkje klasseromsmøbelet). Korleis ville det blitt oppfatta om boka var fersk i dag? @boolsen
@periferien_ Boka er på ingen måte berre mørk, men det er definitivt nokre mørke undertonar der. Kim/Paul fortel jo historia frå perspektivet til ein rømling frå psykiatrisk sjukehus. Resten av Beatles hjelper han å stikke av frå Gaustad medan alle pleiarane ser på TV på kvelden for EF-avstemminga i 1972! @boolsen
@ofseleg Neste veke skulle eg eigentleg reist med #Sørlandsbanen, drifta av selskapet Go-Ahead, frå Kristiansand til Oslo, men sidan selskapet Bane Nor driv med arbeid på sporet kan ikkje toget, som er eigd av selskapet Norske Tog og vedlikehalde av selskapet Mantena, køyra der, så passasjerane vert befordra med buss for tog. Difor har eg i staden vald å reisa med ein (raskare og billegare) ordinær ekspressbuss, drifta av selskapet Vy (tidlegare Noregs Statsbanar).
Eg veit ikkje med dykk, men sjølv har eg ein handfull bøker eg les - om ikkje i sin heilskap, så iallfall brótstykke frå - kvar sommar, sidan dei no uansett står der på hytta. Mellom anna denne episke bangeren om renovasjon.