Eit essay om markante hotellnamn i dei større norske byane og kva dei fortel om lokal sjølvforståing og -gestalting. Ut frå geografisk-ideologisk orientering er det rimeleg openbert at Britannia burde ha vore i Bergen og Norge i Trondheim i staden for omvend, Grand fortel vel noko om korleis osloensarar ser på seg sjølv, om enn ikkje nødvendigvis om korleis andre oppfattar dei, medan Atlantic aka "Alliken" i Stavanger er eit på alle måtar 100 % klokkereint treff.