Det blir bok! Framsida er klar. Hansaen i Noreg, frå start til slutt. Tørrfisk og meir tørrfisk, sjøfolk, kjøpmenn, sjørøvarar, biskopar, kongar, dronninger, sjauarar, drengar, barbariske opptaksritual, nordlendingar, skottar, tyskarar, pest, krig, fred, handel, diplomati og ikkje minst: Tørrfisk! Boka skal i hyllene i haust. Fylg med, fylg med!
Glupe mastodontar veit sjølvsagt dette frå før, men ei kan få ein graf til å visa akkurat kva ein vil, om ein er skruppellaus nok. Her er nøyaktig dei same tala - denne grafen er akkurat like riktig:
A visit to one of my absolute favourite museums as a language and history geek - which happens to be in my home town. Bryggens museum, Bergen, Norway, has probably the largest collection of Runic inscriptions anywhere. Found in excavations after a fire destroyed a large area in the oldest part of the city in the 1950s. Most are on wood, this on the leather of a shoe: "Amor vincit omnia" - Latin language in Runic script! 1/* #history#language
The inscriptions are 12th to 14th century, a time when it was previously thought the use of Runes had pretty much died out. Turns out it was used loads for trivial everyday messages - or for very serious and urgent ones, like this one: "My love, kiss me!"
Shot in the dark: #histodons Min farfar var skomakar og skal ha gått "eit år på fagskule" i København: "Der tok han sveineprøva, som vart lønt med 'Haandverkerforeningenæs medalja i sylv." Dette må ha vore rundt 1900. Er det nokon som har peiling på kva slags skule dette kan ha vore? Om det kan vera mogleg å finna dokumentasjon frå denne skulen? Bustad under opphaldet? Kva som helst?
Dagens jobbspørsmål: Kan eg kjapt få stadfesta at ordet "undik" er forståeleg i heile vårt langstrekte land (som me er så glad i) og ikkje berre i Hordaland?
@pilum Me bowdleriserer stort sett alltid litegrann, for ting er meir påfallande på tekst enn i lyd. Men det kjem an på målgruppe, når det skal sendast og sånt. Men no når alt kan strøymast, så gir det jo ikkje meining å tenkja "etter vannskillet" lenger, så... Ja, nei, kanskje eg skal gå for puppknulle?
Venstre-partiet Die Linke i Tyskland blir splitta. Ein raudbrun, putinistisk fløy rundt Sahra Wagenknecht bryt ut. Resten av Die Linke seier, dei kjem til å konkurrera meir mot AfD enn mot oss.
Har norsk-til-norsk-teksta* eit program om mat, og fått veldig klart kva domenetap norsk har vore utsett for innan kafé-/restaurantbransjen i Noreg. Det er nesten berre engelske namn på maten no. Chicken, beef, fries, bowl, etc, etc...
*Eigentleg seier eg framleis "ttv-teksta", men innser at det er arkaisk språkbruk no.
@gaski Hm, øh, eg måtte googla Kjersti Elvik. Ruth frå Snøfall er sjølvsagt legendarisk, men eg kunne ikkje namnet. Og iallfall ikkje for 20 år sidan, dessverre...
Thorstein Dahle toppa altså sjølvsagt slengarlista i Bergen, med bybanekampanjen sin: 2032 slengjarar. Hans åndsfrende i Høgre, Martin Smith-Sivertsen, vart nr 2 med 629.
Men eg synest nr 3 er interessant: MDG-topp Thor Haakon Bakke, med 394 slengjarar. Populær utanfor eige parti altså, sjølv om Ap (og BT) har prøvd å gjera han så kontroversiell. Så Trond Tystad (337) og Rune Bakervik (323) Sp-topp og Fpu-ar Thomas Flesland (257) og så Raudt-toppen, Mailiss Solheim-Åkerblom (233)