Kjøkenmaskina mi fungerer framleis, men har no nådd det punktet at eg må stikka skaftet av ei heilt spesiell teskei frå IKEA inn i låsemekanismen for at motoren skal gå. Skeia sprett vanlegvis ut etter ei stund, så eg må stå og halda på ho for at maskina skal gå. Kva som eigentleg er øydelagt, har eg gløymt, men eg har eit vagt minne om at det var to ulike ting og at den eine er kostbar og den andre bortimot umogeleg å reparera. Så no berre lever eg med at maskina må "låsast opp" med ei teskei.