@forteller Eg får også opp @turtle litt nedi søkeresultata når eg søkjer på "@turtle", men eg får ikkje profilen opp når eg søker på "turtle@turtle.garden". Hm.
Vi har ingen ibuande sperrer i tutoteksystemet mot GTS eller turtle.garden, iallfall.
@forteller Eg får også opp @turtle litt nedi søkeresultata når eg søkjer på "@turtle", men eg får ikkje profilen opp når eg søker på "turtle@turtle.garden". Hm.
Vi har ingen ibuande sperrer i tutoteksystemet mot GTS eller turtle.garden, iallfall.
I morgon skal eg sykle med #CriticalMass i #Bergen. Frå den blå steinen klokka 18.00 ut mot Bici i indre Sandviken, med så mange andre syklistar som mogleg. Vi hindrar ikkje trafikk, vi er trafikk!: https://criticalmassbergen.com/tur-25-04-2025/ #SykkelTut #NorskTut
#Påska: Det er #storemåndag i dag, og sidan det er viktig å hugse kva påska handlar om skal vi i dag feire ved å bli forbanna på folka som blandar pengar inn i religionsutøving – her illustrert av Jesus som fordriver pengelånarane og duehandlarane frå tempelet i Jerusalem med pisk, som hendte dagen etter palmesundag.
@farah Despicable me 2.
Eg hadde ikkje fått med meg denne – Frp vil fjerne arealfaktoren frå valgsystemet, slik at «slik at ein stemme tel likt over heile landet»: https://www.nrk.no/vestland/vil-endre-vallova-_-det-vil-sogn-og-fjordane-tape-pa--1.17356149
@aslakr I 2024 sa han «Vi må holde sammen og skape en kulturell og politisk allianse. I den er det Donald Trump, Viktor Orbán og Sylvi Listhaug som leder an.»
No vil han visst ikkje svare på spørsmål om Trump lengre: https://www.sognavis.no/mitt-mote-med-lokal-maga/o/5-115-1278123
Bilreiser i #Miljøløftet-området har gått ned frå 58 prosent i 2019 til 53 prosent i 2024.
Kollektivandelen er tilbake til same som før pandemien – 15 %. Sykkelandelen er gått opp frå 3 til 4 % i same periode.
https://miljoloftet.no/nyheter/2025/bilreiser-i-miljoloftet-omradet-har-gatt-ned-sidan-2019/ #Bergen #SykkelTut #Vestland #Bjørnafjorden #Øygarden #Askøy #Alver
I morgon, tysdag 1. april klokka 18.00 er det årsmøte i Syklistforeningen #Bergen og omegn. Vel møtt til gamle og nye medlem. #SykkelTut #NorskTut
Gratulerer til utviklaren av auto-oversetjingsfunksjonen i denne menyen.
Finn éin feil:
Katrine Nødtvedt og Kjell Magne Fagerbakke i #MDG #Bergen skriver om fordelane med sykling og sykkelinfrastruktur i BA i dag: https://www.ba.no/sa-mye-sykkel-som-mulig-er-genialt-for-bergen/o/5-8-2952848 #SykkelTut
@forteller @notjustbikes TBH, I am surprised that the other one hasn´t picked it up yet as well.
Ein av verdas største sykkelinfrastruktur-youtuberar, @notjustbikes har vore i Bergen og sjekka nokre av tinga bergensarane har som er på høgde med det beste i utlandet: https://www.youtube.com/watch?v=JCedclz03uI #SykkelTut #BikeTooter
@forteller Så lenge det ikkje er eit lukka arrangement, du ikkje betaler med meir enn 25 av éi mynteining og det er under 20 000, kan dei ikkje nekte, jf. finansavtaleloven av 2024. Var ei sånn teknisk opning for det før dette.
😎📸:
@jilltxt arrangerer, eg tek bileter: https://www.khrono.no/notice/949675
– Men i dag er eg for eksempel i ferd med å opprette ein brukar på Mastodon som er eit motsvar til Facebook, fortel Andersen.
Har nokon funne Håkon Meidel Andersen enno? :)
@forteller Og det nemner ho også i teksten :) @gauteweb @odapoda @Babadofar
Korleis fossilenergiselskapa sin propaganda finner vegen til TV-skjermane våre: https://www.youtube.com/watch?v=wBC_bug5DIQ #TVTips #KlimaTut
@forteller @dazo Ved nærare ettersyn, så kjem det faktisk rett på døra og ikkje til postmottak, så diverre er alt eg har å tilby denne pianokrakken eg henta i går.
@dazo @forteller Eg skal faktisk hente eit piano på sykkel i dag (eat your heart out, Tybring-Gjedde). Men det er elpiano, ikkje eit Møbel som dette.
@forteller @huftis @srslywrong Haha, det er faktisk i mitt nærområde også. Vi lånte lange dukar av dei til namnefesten til dottera.
When I'm not discussing in Norwegian about internet, games, climate, bikes and language, I'm a communicator at Center for Digital Narrative, UiB (@UiB@fediscience.org). Born at 351ppm.Netthode, røynd geriljaarkivar, nyfiken, spelglad, småbarnspappa, har eit rekreasjonelt forhold til rekneark, sykler på ein el-omafiets, gjer Kessel Run på under 12 ps. Tidlegare radiofjes. #dftba #grønnTidlegare @tanketom og @tanketom@twitter.com.⁂
GNU social JP is a social network, courtesy of GNU social JP管理人. It runs on GNU social, version 2.0.2-dev, available under the GNU Affero General Public License.
All GNU social JP content and data are available under the Creative Commons Attribution 3.0 license.