@arnfinnp I wrote something along the lines of "No, I don´t want to." and got the message they would honor it. Based on that, and the fact I have seen people with good answers get a "no", I feel the yes/no is very arbitrary.
@forteller@DORpapst Den matcha veggen på det gamle kontoret mitt! Det er den nyaste i datasettet, sikkert nokre år etter resten. Handlar vel ikkje om anna enn at eg har mindre tid til teite ting no enn før eg fekk barn…
Det ser ut som det nye legesenteret har satt fart på ventelistene – brått har eg hoppa fram 25 plassar, og mi (høgt lite vitskaplege) trendlinje peiker no på desember i år!
Eg har signert eit opprop for politisk klimaleiarskap i #Bergen kommune.
Den Grå Leiarskapen i byrådet vil avvikle #klimaetaten, droppe målet om å stogge naturtap, kutte inntektene til byens miljø- og klimaorganisasjonar, og (i beste fall) trenere byens viktigaste komande kollektivtrafikktiltak.
Eit fordums styringsparti har saman med dårlege vener funne formen, og formen ser veldig ut som ein klimafornektar.
I dag er verdens sykkeldag. Akkurat i dag feirar eg med å vere heime med sjukt barn, men eg syklar som best eg kan ellers.
Sånn organisatorisk er eg styremedlem i lokallaget av Syklistforeningen (kjærleg kalla «Sykkelstyret»), fordi eg meiner det er viktig å jobbe for betre tilrettelegging for mjuke trafikantar.
Pendlar nesten kvar arbeidsdag, og til dømes til omliggande strok i helgene for å sørge for at familien ikkje berre ser på skjerm heile tida (neida, joda). #SykkelTut#NorskTut
Tenk så mange legar og/eller forskarar som jobber med pinleg nøyaktigheit for å sjå kva dei kan få KI til å mønstergjenkjenne frå helsedata med høgst spesifikke datasett, og folk som arbeider med personvern for at sensitive persondata ikkje skal inn i kommersiell treningsdata, og så kjem Dr. Plumpesen og berre «legg helsehistorikken og symptoma dine inn i ein ålment tilgjengeleg svart boks, og få svar frå ein hallusinerande dialogagent – det er god helsekommunikasjon, det!».
Communicator Center for Digital Narrative, UiB (@UiB@fediscience.org), but here mostly in Norwegian about internet, games, climate, bikes and language. Born at 351ppm.Netthode, røynd geriljaarkivar, nyfiken, spelglad, småbarnspappa, har eit rekreasjonelt forhold til rekneark, sykler på ein el-omafiets, gjer Kessel Run på under 12 ps. Tidlegare radiofjes. #dftba #grønnTidlegare @tanketom og @tanketom@twitter.com.⁂