@ofseleg@atlefren Er masse borettslag med ekstra garasjeplasser som ikke er i bruk, er min oppfatning. Jeg har vært nedi garasjekjellerne i flere av Barcode-byggene en god del ganger, på forskjellige tider av døgnet, og nesten alle av de veldig mange p-plassene var alltid tomme.
@atlefren Upraktisk, men det er jo òg gratis å parkera i ytre by. Lurer på om det er å leiga ein garasjeplass i nærleiken som eigentleg er den beste løysinga, men det skulle helst ha vore eit betre system for det enn Finn.no.
Av og til leiger me bil for ei veke, og så endar det opp med å vera like dyrt som å leiga for ein månad, men her ser eg jo at eg like godt kan kjøpa ein billig bil og berre skaffa bebuarparkering fyrst som sist.
Det er ikkje enkelt å ordna fornuftig parkering i Oslo dersom ein skal leiga ein bil i t.d. ein månad. Anten er det bebuarparkering for eit heilt år, som er for dyrt, eller gjesteparkering per døger, som også er for dyrt. Her finst det nokre få bitte små kommunale parkeringsplassar innan rimeleg avstand, som kunne ha fungert i teorien, men korleis fungerer det i praksis? Eg reknar med ein kan risikera at det er fullt der sjølv om ein har betalt.