Det er ikkje enkelt å ordna fornuftig parkering i Oslo dersom ein skal leiga ein bil i t.d. ein månad. Anten er det bebuarparkering for eit heilt år, som er for dyrt, eller gjesteparkering per døger, som også er for dyrt. Her finst det nokre få bitte små kommunale parkeringsplassar innan rimeleg avstand, som kunne ha fungert i teorien, men korleis fungerer det i praksis? Eg reknar med ein kan risikera at det er fullt der sjølv om ein har betalt.