@pilum@forteller Eg skreiv til dei at eg fekk problem kun hos dei, og at det fungerer andre plassar. Fekk dette til svar: Eg svara berre: "Eller bytte bank."
Snap frå søstra: Nevø 1 (6) fekk tidleg bursdagsgåve: ny sykkel! I bakgrunnen høyrer vi Nevø 2 (4) få beskjed om at han arvar den gamle sykkelen: "Jeg har også fått ny sykkel! Jaaaaa!!!!!" 😅😅🥰🥰🥰 #NorskTut
@forteller@tskardal Ja, den frå Telia ringte for å undersøkje kva eg var ute etter. Da vi fann ut at dei ikkje gjev fiber her, og ikkje har fungerande mobilnett, sa han at han skulle fjerne meg frå lista deira. Så dette er nok ein måte for at dei skal få kontaktinformasjonen til folk på lovleg vis, og så jamnleg ringe att.
Driv og undersøkjer ny avtale om internett via fiber for Bygdalaget (blir bedriftsabonnement). Avtalen med Telenor går ut no snart. GlobalConnect kan levere, med 500 kr per månad mindre enn no. Men: misnøgde kundar omtalar dei som eit cowboy-selskap. Telenor har nye prisar sidan sist. 250 kr rimelegare per månad. Vi veit at Telenor er stabile og det har vore lite problem på dei tre åra som har gått. Så da blir spørsmålet om vi tør å bytte til Global Connect. Nokon som har erfaringar? #NorskTut
@forteller Ikkje akkurat det du spør om, men eg brukte bytt.no for to dagar sidan for å sjekke kven som kan gje meg fiber. Dei kom opp med eitt alternativ til det eg har: Telia, som ikkje kan levere her, men kom ikkje opp med Global Connect, som kan levere. Mitt inntrykk er iallfall at denne typen tenester ikkje er ei samanlikning mellom kva som finst i marknaden, men handlar om kven som er (har betalt for å vere?) tilknytt sida. Det var da ikkje nyttig for meg å bruke dei.
Fekk no mail frå #Telenor om at fiber går opp 60 kroner per månad. Frå april i fjor auka den med 50 kroner. Frå april 2022 auka den med 30 kroner. Frå juni 2021 auka den med 60 kroner. Det var vel her det var ein auke i minimumshastigheit, men det trengte eg jo ikkje. Mai 2021: 659 April 2024: 859. Det er opp 30% på 3 år!!! F*ck this! Bakdelen med å bu på landet: éin leverandør. #NorskTut
@pilum Nei, absolutt ikkje. Eg er kasserar i Bygdalaget her, og vi betalar for fiber på Grendahuset. Vi må ha det, for Telia har ikkje dekning her, og folk får da ikkje Vippsa utan WiFi. Vi får ikkje ha privatabonnement, men må betale for ei mengd bedriftsløysingar vi ikkje treng. Litt over 2230 i månaden. Vi, som kun har inntekt frå dugnad og frivillig arbeid, betalar nesten 27 000 i året til Telenor for internett!!! Det er ein stor del av inntekta vår på eit år. Regelrett skamlaust! #NorskTut
Har tatt influensavaksine i dag. Får tatt koronavaksine neste veke. Sidan det er fleirdoseglas, vaksinerer dei berre tirsdagar og torsdagar, så eg kunne ikkje få i dag. #NorskTut#Vaksine
Ser på NRK si nettside at eit høgreradikalt forlag no gjev ut Markens grøde av Knut Hamsun etter at rettigheitene til verka hans vart fri ved nyttår. Kan vere greitt å ha i bakhovudet å sjekke ut forlag når ein kjøper bøker så ein ikkje uvettig støttar idéar ein ikkje vil støtte. #NorskTut#Bøker
Høyrde ferdig Parable of the Sower av Octavia E Butler lese av Lynne Thigpen. Definitivt ei av dei beste bøkene eg har lese i år! (Og dei har det no vorte 99 av! Leselysta har skoten fart i år). Anbefalar verkeleg lydboka. Det verste er, at det diverre ikkje er usannsynleg at vi går ei slik framtid i møte. Skal absolutt lese bok 2 snart. Har eit par andre bøker eg ønskjer å lese først. #Bøker#BokTut
"Passar" hønene (og den eine hanen) til kusina mi i helga. Det vil seie å slå av lyset og ta med heim egga (🎉) i kveld, og å slå på lyset og gje dei mat i morgon. Sjå at dei og dei fem geitene framleis har vatn. Og så får eg plukke så mykje jordbær eg vil i morgon. Veldig grei sommarjobb. #NorskTut