@forteller Eg har aldri vore veldig begeistra for Red Hat-variantar (delvis fordi eg kom tidleg borti Debian og Ubuntu og likte dei, delvis fordi eg måtte bruke ein gammal CentOS ei periode). Men etter 20 år med Kubuntu, fann eg ut at eg ville prøve Arch, og det har eg i dag via Endeavour OS. Den er ganske minimal ved installasjon, men alt har fungert godt for meg så langt. Men oppdateringar kan vere litt meir risikable, så kanskje ikkje det du vil ha :)