@larsivi Det er veldig spennende muligheter her! Jeg har akkurat fått inn et avsnitt om dette i andreutkastet til Oslo MDGs partiprogram for valget neste år
For å følge opp denne tråden litt, men gå litt vekk i frå laks, så er det med produsere mat på ekstremt berekraftig vis (dvs i praksis utan å bruke areal eller ressursar) i ferd med å verte stort, men eg har ikkje høyrt at Noreg har satsa all verda på det. Vi gir unødvendige milliardar til oljen, medan Finland har no gitt 350-400 millionar til Solar Foods som lagar protein frå solkraft.
Ein annan grunn til at eg meiner NO er det rette tidspunktet å få på plass grunnrenteskatten, er at, sjølv om det tek tid, så vil mest sannsynleg verda elles finne på fullgode alternativ som konkurrerer (og vinn) på både miljø, kvalitet og kost. Norge kan verte den neste Kodak, fordi vi ikkje investerer noko av inntektene i det neste.
Eg ser ikkje heilt for meg at vi sluttar med lakseoppdrett i merdar her i Noreg, men dette visar at NO er det heilt rette tidspunktet å innføre grunnrenteskatten (eller altså, tidlegare hadde sikkert gått fint det også). Så lenge der er profitt, og så lenge ein får lov til å produsere laks på denne måten, så kjem nokon til å gjere det.