Morfar har slite med Messenger-appen sin på Ipaden, fordi den krever at han brukar mobil-appen for å bestemme seg om han vil ha separat Facebook- og Messenger-konto eller ikkje. Ipad-appen funkar ikkje til dette, ei heller andre påloggingsmetodar – og morfar har ingen smarttelefon.
IT-support over telefon med ein 93 år gamal mann er vanskeleg, så til slutt fann han ut at det greiaste var å postlegge Ipaden til meg. Eg har no fiksa problemet, og skal postlegge Ipaden tilbake til han.