Ein skulle tru at Disney Plus ønska at så mykje som mogleg av katalogen sin var tilgjengeleg for publikum. Dei får jo ikkje sjåartal viss innhaldet ikkje går an å sjå, sant?
Men alt som er tilgjengeleg kostar pengar for Disney i form av honorar til skodespelarar, manusforfattarar, komponistar osv.
Det kan f.eks. vere pris per sjåartime, pris per tilgjengelege månad, eller noko anna. Akkurat det varierer frå verk til verk, men det er uhyre sjeldan at det berre er ein eingongssum.