I går vart saka om at #NRK har flytta alle sine podkastar til sin eigen propitære app og vekk frå #RSS handsama av Kringkastingsrådet. Ei innleiing til støtte for endringa vart gjeve av radiosjefen i NRK, og ei kort runde med sprøsmål fulgte. Saka bar preg av at dei fleste i rådet mangla teknisk kompetanse for å diskutere saka skikkeleg, men eg vil rose Snorre Valen for å stille gode spørsmål med teknisk vinkling, og spesielt for å trekkja fram spørsmålet om kvifor det å flytte NRK sine eigne radio- og podkastprogram til ein eigen flate naudsynleg måtte innebere å fjerne dei frå RSS. Dette spørsmålet vart fullstendig ignorert då radiosjefen og programvareutviklingssjefen skulle svare på spørsmåla til slutt. Han påpeikte også at appen var "lukka og propitær" noko prog.utv.sjefen ikkje var samd i; så eg har mine tvil rundt om ho visste kva "propitær" tyder i programvaresamanheng.
Møtet kan ein sjå her, og saka om RSS og podkast startar omtrent 3 timar og 7 minutter inn:
https://tv.nrk.no/serie/kringkastingsraadet/202304/AKRA10000323/avspiller