Eg vart nysgjerrig på kor mykje av videosamlinga mi som er tilgjengeleg digitalt (lovleg), så eg har henta ut data frå JustWatch.com. Resultatet overraska meg.
Av dei rundt 2000 titlane mine – som eg meiner bør vere eit godt utgangspunkt til å byggje statistikk på – er det heile 25,21 % som ikkje er å oppdrive på nett!
Det vil seie at ¼ av alle filmane rett og slett ikkje finst lenger for dei som meiner digitalt er best.