Arne Strand fekk ein god del tyn på Gamle Mikrobloggtenesten, der mange såg på han som ein i overkant traust sosialdemokrat. Det var han kanskje, men han var samstundes òg ein særs morosam og enormt kunnskapsrik mann (bortsett frå når det gjaldt EDB-maskinar). Då eg jobba med han i Dagsavisen kjende eg meg som ein smålåten bygdeungdom, men han oppførte seg som om eg var verdens mest rutinerte kollega og at det var heilt naturleg at eg teknisk sett var sjefen hans. Kvil i fred.