Topp tre klementinar:
1. Den steinfrie
2. Den med éin stein
3. Den med to steinar
Bonustrivia for klementin-nerden: Den med 16 steinar havnar på 96. plass, laaaangt bak den for blaute og for faste og for dvaske og for sure
Topp tre klementinar:
1. Den steinfrie
2. Den med éin stein
3. Den med to steinar
Bonustrivia for klementin-nerden: Den med 16 steinar havnar på 96. plass, laaaangt bak den for blaute og for faste og for dvaske og for sure
INP krevjer omval i Moss og får det innvilga. Dei får eit ekstra mandat som dei gjev frå seg til Ap ved å trekke seg 😳
Mor mi sin fluefangar (kjøtetande plante) har fått ein ein meter lang stilk med blome på! Eg er reint himmelfallen!
Koffeinfri espresso med havremjølk og -skum. Koffeinfri havrecappuchino?
Siste albumet med Mari Boine og Bugge Wesseltoft (endeleg kom det!!)
Siste nr av Hyrdingrøysta, kyrkjebladet for Jølster, det har eg venta lenge på, sjølv om eg ikkje har høyrt om det før eg fann det i postkassa i dag.
*Kontemplerer den språklege moglegheita for å kalle lesnad av Hyrdingsrøysta for ei «hyrdestund»*
Appar for å verte ein grønare, meir solidarisk og medviten forbrukar:
✅Fauna (meir info i kommentar, skjermdump)
✅Good On You (mote)
✅Buycott
✅Too Good To Go (matredding)
✅Sorter (kjeldesortering)
✅Appen til ditt renovasjonsfirma
✅Tise (gjenbruk)
✅Finn (gjenbruk)
✅Bookis (gjenbruk av bøker)
Fleire? Kva er dine favorittar?
Pride-fest i Førde i dag! Det skal paraderast!
Eg er svært nøgd med at #MDG no har vedteke i prinsipprogrammet sitt at det er eit interseksjonelt feministisk og antirasistisk parti!
#MDGlm
«Peanut Butter Falcon» baby! ?
Kjempekos film, skikkeleg feelgood, med ein ung mann med downs syndrom i ei av hovudrollene.
Eg meinar, krimoverskriftene kjem på løpande bånd
#Firda #Førde
Hald dykk fast, det har kome PRESISERINGAR i krimsaka i #Firda, de skjønar,
1. katten hadde ikkje klort han i andletet, men han _var redd for_ at den skulle gjere det, og
2. den var antakeleg ikkje på friarferd til katten hans, sidan det er ein gamal kastrert hannkatt, so det hadde jo vore ganske rart, og
det var berre det. Sånn. So fekk vi rydda opp i det!
Har sett ein del nordmenn protestere mot insekt i maten på fb dei siste vekene på ein måte som minner om konspinoia.
Eg kan gjerne tenkje meg å ete insekt. To milliardar menneske har det allereie som del av kosthaldet sitt. Heller insekt enn storfe, tenkjer eg! Billegare og meir bærekraftig. Alltid spennande å prøve noko nytt i matvegen.
https://www.faktisk.no/artikler/zle9m/insekter-som-menneskemat-er-det-farlig
For å sitere Kong Haakon VII frå den aller fyrste norske kongelege radiosendte nyttårstalen i 1935:
«Godt Nyttår!»
Dotra mi og fostermor var innom i går, og det var kjempekos! Ho er svært nøgd med den nye CI-en, den gamle har vore utskiftningsklar lenge. Ho har generelt mindre støy, og ulike program for å fokusere på samtale i støyande omgjevnadar. Og blåtann, sjølvsagt! Kjekt med teknologi som aukar livskvaliteten! #CI #døv
GNU social JP is a social network, courtesy of GNU social JP管理人. It runs on GNU social, version 2.0.2-dev, available under the GNU Affero General Public License.
All GNU social JP content and data are available under the Creative Commons Attribution 3.0 license.